Ønsker du hjelp med kommunikasjon, språk, tale, stemme eller svelging?

Alle barn og vaksne med vanskar i forbindelse med kommunikasjon, språk, tale, svelging, lesing eller skriving har stort sett rett til kartlegging og oppfølging av logoped.


Det er kommunen sitt ansvar å sørge for logopedisk kartlegging og behandling. Dersom kommunen ikkje kan tilby dette, kan HELFO dekke utgifter til privatpraktiserande logoped, dersom ein oppfyller krava for refusjon.


Lurer du på om du oppfyller desse krava? Ta gjerne kontakt så hjelper eg deg gjerne.

Sunnmørslogopeden kan hjelpe deg med

Erverva kommunikasjons-vanskar


Vanskar med kommunikasjon, språk eller tale som har oppstått som følgje av sjukdom eller skade i hjernen


Orofaciale vansker


Strukturelle avvik i ansiktsmuskulatur (munn, kjeve, lepper, tunge, kinn), som kan føre til utfordringer med tale, svelging og pusting

Språk- og talevanskar


Vanskar med uttale, snakke, forstå språk og/eller gjere seg forstått

Svelgevanskar


Vanskar med å ete eller svelge omtalast som dysdagi. Det kan vise seg ved hosting etter måltid, vansker med å bearbeide mat i munnen, eller vanskar med ulike konsistenser

Stemmevanskar


Stemmevansker kan oppstå som følgje av sjukdom, skade eller feilbruk av stemma, og gjer det vanskeleg å bruke stemma på normal måte.

Taleflytvanskar


Samlebetegnelse for vanskar med tempo og flyt i talen, slik som stamming og løpsk tale.